Ofte stilte spørsmål

Kven er REKO for?

Slik me i REKO-prosjektet ser det, er REKO-ringane fyrst og fremst for produsentar av mat produsert i området til reko-ringen det gjeld. Bønder og matforedlarar. Ein av «grunnreglane» i REKO er utan mellomledd – produsenten som lagar varen skal levere varen sjølv til kunde. Thomas Snellman som kom på fenomenet REKO ynskja ein ny og enkel omsetningskanal for lokalprodusert mat. Ein stad der små og mellomstore produsentar kunne få ein moglegheit til meir forteneste på varane sine. REKO er ikkje ein salskanal laga for store butikk-kjedar. Det er opp til kvar enkelt ring kvar dei ynskjer å setje grensa for kor stor produsentene kan vere, fordi det er store lokale forskjellar på ringane rundt i Norge. Ringane blir tilpassa området dei er i. Utgangspunktet for REKO var ikkje ein kanal for volumprodusentar, men i nokre ringar er volumprodusentar å finne for å kunne gje eit større vareutval.

Kven har ansvar viss nokon blir sjuke og/eller skada av varer som er kjøpt på REKO?

Den som har produsert varen står sjølv ansvarleg dersom kunder blir sjuk eller skada som følgje av mat dei har kjøpt på REKO-ringen. Facebookgruppa til reko-ringen, administratorar eller Norsk bonde og småbrukarlag er ikkje ansvarleg for dette. Me vil anbefale at alle som sel matvarer har ansvarsforsikring (tredjepartsforsikring).

Skal REKO over på ny plattform (vekk frå facebook)?

Kanskje, kanskje ikkje. Det er ein del ulempar med facebook som plattform, men det er og mange fordelar. Det som me til no har sett, er at ein av suksessfaktorane til REKO nemleg er den enkle tilgjengeligheita og påminninga som er med facebook. Mange har testa ut andre nettløysinger for lokalmat men ingen av dei har gjort det så bra som REKO har. Det som me ser på som kan vere interessant er ein plattform som kan samarbeide med facebook, som kan gjera bestillingar enklare for både kunde og produsent, i tillegg til å vere ein plattform for dei som ikkje er på facebook. Det er fleire løysingar og plattformar som no blir testa ut i ulike reko-ringar i Norge og REKO-prosjektet følger med på utviklinga av desse. REKO-prosjektet er i startfasen på eit samarbeid og dersom denne løysinga kan fungere bra for REKO, vil me koma med ei anbefaling offisielt. Det er enno for tidleg å sei om dei fungerar godt nok til at me ynskjer å anbefala dei. Følg med på nettsida her for oppdateringer når det gjeld alternativ til bestillingsløysing.

Kva er småskala?

Det eksisterar ikkje ein klar definisjon på kva småskala er. Me ser at i ulike reko-ringar så blir begrepet brukt i stor variasjon. Difor ser me det som viktig at det i annonsane kjem fram storleiken på bedrifta i form av antal ansatte, antal dyr, produksjonsvolum eller andre relevante parametrar. Me jobbar med ein oppdatert annonsemal som me ynskjer å anbefale. Mange ringar i Norge har allereie utforma gode malar som får fram storleiken på produsentane i annonsene. Når det kjem tydeleg fram i annonsa kor stor produsenten er, kan kunden sjølv ta eit bevisst val om kva type produksjon dei ynskjer å handle hjå. REKO skal vera ærleg dialog mellom kunde og produsent.

Kvar går grensa for kven som får levere på REKO?

Kvar enkelt reko-ring bestemmer sjølv kor grensa går for kven som får levere i den ringen det gjeld. Hugs at både produsentar, kundar og administratorar i felleskap skal koma fram til dette. God dialog og drøftingar saman bidreg til mindre konfliktar. Administratorgruppa kan ha god nytte av at det er både produsentar og kundar med i gruppa.

Må ein ha firma for å levere på REKO?

Ein treng ikkje ha firma for å levere på REKO. Ein må vera registrert hjå mattilssynet og følgja reglar for handtering og distribusjon av mat, i tillegg til å følgja skatteetaten sine regler når det gjeld sal og anna rapportering.

Er det lov med “dumpingpriser”?

Me anbefalar produsentar å ikkje setja for lave prisar på varen som er produsert. Når ein finn unaturleg låge prisar på varer er det ofte som følgje av store volumprodusentar eller varer frå hobbyprodusentar. Ved å prisa varene for lavt kan ein øydeleggja markedet for andre produsentar som prøver og ynskjer å leva av produksjonen sin. Me tilrår å diskutera dette i den respektive produsentgruppa. Der er det etterkvart god kompetanse og godt samanlikningsgrunnlag på mellom anna prising av varer.

Er alle varer på REKO økologiske?

Nei. For å sjå om varene er økologiske, sjå etter debiomerking på bilder (NO-ØKO-01) og eventuelt sertifikatnummer hjå debio. Bruk av ordet økologisk er kun lov for dei som er godkjend hjå debio Norge. Ser du misbruk av ordet økologisk, informer gjerne dei om det på https://debio.no/kontaktoss/

Er det lov å ha direktesalg/ marknad på utlevering?

Om det er lov med direktesal og/eller marknad på utleveringa kjem an på kva avtale den aktuelle REKO-ringen har med grunneigar der utleveringa føregår. Dersom det skal føregå marknadssal utløyser det meir regelverk og ansvar enn ei vareutlevering slik REKO-konseptet er. Mellom anna oppfølging av eventuelle brannforskrifter. Marknadssal kan også komma i konflikt med andre organisasjonar, som til dømes «Bondens Marked». Kvar enkelt reko-ring kan velga å gjere dette, men me anbefaler ikkje direktesal/marknad på utlevering, då ein av dei store fordelane for produsent er forutsigbarheita med førehandstinga varer. Me anbefaler vidare at produsentar som ynskjer direktesal på markeder til å kontakta Bondens marked Norge på https://bondensmarked.no/om-oss/kontaktpersoner då dei allereie har mange marked i heile Noreg kvar månad som tilbyr nettopp dette salskonseptet.

Kva skal ei annonse innehalde?

Varer som blir omsett via REKO-ringar må følga mattilsynet sine krav for merking. Sjå gjerne mattilsynet sine sider for kva krav dei stiller til informasjon i annonsar på: https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/produksjon_av_mat/Lokalmat/markedsforing_av_matvarer_paa_nett_via_rekoringer.36009
Slik me ser det er det lurt at annonsa inneheld informasjon om bedrifta, kontaktperson, antal ansatte, størrelse på dyrehald, produksjon etc, informasjon om kvar eventuelle råvarer og ingrediensar er kjøpt inn og deira opphav, mengde innkjøpt råvare, eigenproduserte varer, kva type drift ein har, kva betalingsform ein nyttar, og sjølvsagt pris. Kvar annonse gjeld for ei utlevering, så også tidspunkt og stad for utlevering er nyttig å ha med. Ærleg informasjon i annonsa dannar grunnlag for eit sterkare tillitsforhald mellom kunde og produsent.