Kven er REKO for Norsk Bonde- og Småbrukarlag?

Etter at REKO kom til Noreg gjennom småbrukarlaget sitt prosjekt «matnyttig» så har fenomenet breidd om seg. Tanken bak det heile var å ha ein salskanal utan mellomledd – at heile fortenesta av vara gjekk til den som produserte den. Dette var tydeleg noko det var både behov for og ynskje om, fordi det gjekk kort tid før det etablerte seg REKO-ringar spreidde over heile landet. Plutseleg fekk medvitne forbrukarar moglegheita til å handla mat direkte frå det fyrste leddet i matproduksjonen, og dei som produserer maten kunne auka fortenesta si. Begge delar er viktige faktorar for å gjera det litt meir realistisk å produsera mat på små og mellomstore gardsbruk. For kva matproduksjon ynskjer me eigentleg i Noreg? NBS ynskjer mat produsert på lokale ressursar. Men kva skal til for at det er mogleg? Det må fyrst og fremst vere lønsamt å driva matproduksjon i heile Noreg. På både små, mellomstore og store gardsbruk. I dag er dette vanskeleg å få til, kanskje særleg på dei små og mellomstore bruka. Derfor er REKO-ringen eit fantastisk alternativ for dei som driv små og mellomstore gardsbruk. Der kan dei ta ut ei høgare forteneste for varene dei produserer.

Vidare er dette nokre av punkta som NBS ynskjer for norsk matproduksjon:

-        lønsemd for bonden

-        eit levande kulturlandskap

-        god dyrevelferd

-        lokal foredling av mat

-        god tilgong på lokalmat til forbrukar

Men kva er eigentleg REKO? Eg vil sei REKO er:

-        Ein enkel og effektiv plattform for omsetnad av norskprodusert mat

-        Lavterskeltilbod - enkelt for nyoppstarta verksemder, og små og mellomstore gardsbruk å vera ein del av

-        Moglegheit for auka lønsemd til bønder og matforedlarar

-        Personleg - ærleg marknadsføring frå produsent til forbrukar

-        Folkeopplysning om matproduksjon

-        Møteplass for produsentar og forbrukarar

REKO for NBS
Når ein ser på desse punkta så ser ein at REKO for NBS er ein god støttespelar, noko som går begge vegar. REKO-ringen er ein viktig salskanal for små og mellomstore gardsbruk i Noreg, og sjølv om det er noko meir arbeid med administrasjon, logistikk og leveranse, så sit bøndene igjen med ei større forteneste. Det er og ein viktig møteplass for aktørar innan norsk matproduksjon, og bidreg til eit nettverk mellom desse. Kanskje hjelper det bøndene til å kjenna på litt mindre einsemd? Bondeyrket er jo utan tvil prega av at ein jobbar mykje aleine. Sjølv har eg kjent på eit herleg samhald og ein god erfaringsutveksling som følge av personar eg har blitt kjend med gjennom REKO-ringen der eg held til.
REKO-ringen er og ein viktig kanal når det gjeld folkeopplysning, og dette er noko NBS ser på som eit viktig verkemiddel framover for å få norsk matproduksjon over i ein ny retning.
Vidare bidreg fenomenet REKO-ringen til auka matproduksjon som følge av at fleire har funne det meir lønsamt å driva små og mellomstore gardsbruk. I nokre tillfeller har fenomenet ført til at eit og anna gardsbruk ikkje har vorte nedlagt, enno

Difor ynskjer NBS å fortsetja med prosjektet om «REKO-ringen». REKO er noko som NBS er stolt av og som organisasjonen ynskjer, og meiner me treng ta med oss inn i framtida. NBS vil vera ein støttespelar for REKO-ringen og vil veileda utviklinga slik at salskanalen beheld den posisjonen den i løpet av 5 år med REKO i Norge har skaffa seg.

Av Irene Dalland, vikar for prosjektet «REKO-ringen, veien videre».

Forrige
Forrige

Hurra! Endelig har vi fått på plass en informasjonsside om REKO-ringene i Norge.

Neste
Neste

Ny bestillingsløsning for REKO?